onsdag 27. november 2013

Skuggen i taket

Det er noko heilt unikt med bilete som ikkje fins.
Kvar kveld når eg legg meg for å sove, ser eg opp i taket. Taket på eit rom i tredje etasje i ein bygård i ei gate i hovudstaden. Kvar natt er det det same biletet. Skuggen frå vindauget, reversert. Det er eit slikt høgt vindauge, med ei krosslignande utforming, og det vakre er at når skuggen treff taket er skuggen lysare enn det mørkret taket elles er innhylla i. Skuggane kjem også av to forskjellige lyskildar, som i virkelegheita deler skuggen i to skuggar av vindauget, den eine lysare, den andre på veg nedover veggen frå taket.Dette kan eg ikkje ta bilete av, foto treng meir lys, og blits øydelegg det vesle lyset som allereie leikar seg i taket mitt. Det er så unikt og umogleg. Det er eit slikt augneblink ein ville omtalt som "du skulle ha vore der".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar